Du er her: Hjem /

 

Grieg i Jotunheimen
Sted: Lom, Leirvassbu
Fra: 24.07.07, 21:00
Til: 24.07.07, 22:00

Grieg Force-utøvarane Unni Løvlid og Joachim Kjelsaas Kwetzinsky framfører ”Norske folkeviser opus 66” på ulike stader i Jotunheimen. Grieg tolka og omarbeidde folketonane han høyrde til klaverstykke og samla dei i sitt opus 66. Mest kjend er Gjendines bådnlåt, som vart sunge for Grieg av den 19 år gamle seterjenta Gjendine Slålien på Skogadalsbøen i 1891. Seinare skulle det bli fleire møte med ho i Jotunheimen, og ho er truleg kjelda til åtte av songane i samlinga. Løvlid og Kwetzinsky har intervjua personar som kjende Gjendine Slålien og vil formidle delar av dette materialet vidare til publikum. Dei vil framføre folkevisene både i original- og klaverversjon.


Klikk her for å få en utskriftsvennlig version av denne siden.Utskriftsvennlig version